Luster er ein stor del av Sognefjorden - verdas beste reisemål
Turistkontoret,
Pyramiden
N-6868 Gaupne
Tel: +47 976 00 443
E-mail: info@visitsogn.info
Web: www.sognefjord.no
Nigardsbreen, klikk for større bilete
LUSTER
Feigumfossen,klikk for større bilete
Sognefjorden,klikk for større bilete
Sognefjorden,klikk for større bilete
SOGNEFJORDEN
JOTUNHEIMEN
JOSTEDALSBREEN
Jotunheimen,klikk for større bilete
Nigardsbreen, klikk for større bilete
Norsk Gå til norskspråklege sider English Click for english language Deutsch click für Deutsche Sprache

Velkommen til Luster

Den grøne, frodige våren i Luster er særleg vakker. Kontrastane i naturen er sterke, med blømande frukttre ved fjorden, grøne lier og snøkledde fjelltoppar. Fjorden har skore seg ut av landplata før istida kom. Lustrafjorden er den inste delen av Sognefjorden.

Frå Lustrafjorden har du panoramautsikt mot Feigumfossen, eit av dei høgste fossefalla i Noreg med 218 meter fritt fall. Sognefjellet, Nord-Europas mest høgtliggjande og imponerande høgfjellsovergang (1430 m.o.h.), er for mange første smakebiten av Luster når du kjem austfrå Gudbrandsdalen og Lom. Her finn du eit storslått utsyn mot dei høge og mektige tinderekkjene Hurrungane i Vest-Jotunheimen, med i alt 24 toppar over 2000 meter. Den Norske Turistforening har mange merka ruter både i Breheimen og Jotunheimen. Ti av DNT sine hytter ligg i Luster.

Jostedalsbreen er den største isbreen på det europeiske kontinentet med eit flatemål på nær 500 km2. Frå dette veldige ismassivet greinar kjende brearmar som Nigardsbreen, Bergsetbreen, Tuftebreen, Fåbergstølsbreen og Austdalsbreen seg ned mot Jostedalen.





Jostedalsbreen
Sognefjorden
Jotunheimen