Luster er ein stor del av Sognefjorden - verdas beste reisemål
Turistkontoret,
Pyramiden
N-6868 Gaupne
Tel: +47 976 00 443
E-mail: info@visitsogn.info
Web: www.sognefjord.no
Nigardsbreen, klikk for større bilete
LUSTER
Feigumfossen,klikk for større bilete
Sognefjorden,klikk for større bilete
Sognefjorden,klikk for større bilete
SOGNEFJORDEN
JOTUNHEIMEN
JOSTEDALSBREEN
Jotunheimen,klikk for større bilete
Nigardsbreen, klikk for større bilete
Norsk Gå til norskspråklege sider English Click for english language Deutsch click für Deutsche Sprache


Dette er turane

Her kjem dei 16 fyrste turane.
Dei siste 15 finn du i "turar 2".

Klikk på fyrste bokstaven.

Bergset-Bergsetdalen-Bergsetbreen
Snøtun-Røykjadalen
Gjerde-Haugafjellstølen
Styggevatnet-Handspiki
Viva-Sprongdalshytta
Vanndalen-Myrhorn
Vanndalen-Vangsen
Sagerøy-Bakkedalen
Gardshaug-Vassdalen
Leirdalen-Hest
Rønneid-Røneidsstølen
Engjadalen-Heggdalsvatnet
Vigdalen-Fivla-Fivlenosi
Mørkrid-Osen
Mørkrid-Mørkridsdalen
Heltne-Bolstadnosi

Bergset-Bergsetdalen-Bergsetbreen

Utgangspunktet for denne turen er parkeringsplassen ved Bergset, den fremste garden i Krundalen. Frå parkeringsplassen går ein langs elva, vidare eit kort stykke på traktorveg og deretter langs svært god og tydeleg merka sti innover den flate Bergsetdalen. Til å byrje med går stien i nokså tett skog, seinare opnar utsynet seg meir og meir mot den dominerande Bergsetbreen, fremst i dalen. Stien kryssar fleire småelvar og bekker, som oftast på gode bruer, og går av og til i blautmyrar der trestokkar er utlagde. Vegetasjonen er frodig til å byrje med, men dess nærare ein kjem breen, dess mindre vert det av skog og planter. Heilt fremst går stien i grus og stein, men er likevel godt synleg og lett å finne. I sommarhalvåret er det oppsett varselskilt eit stykke frå foten av Bergsetbreen, og det er forbunde med stor fare å passere skilta. Ved Bergsetbreen er det særleg Baklibreen, på nordsida av hovuddalføret, ein må vere merksam på. Ettersom Jostedalsbreen no er inne i ein vekstperiode, veks også brearmane, og gjer rasfaren ekstra stor.

Gangtid frå parkeringsplassen til foten av Bergsetbreen er 1 time, og turen høver særleg godt for familiar med små ungar. Høgdeskilnaden mellom Bergset og foten av Bergsetbreen er under 50 meter, så dette må ein kunne kalle flatt terreng.

Snøtun - Røykjadalen

Også denne turen startar i Krundalen, nærare bestemt 100 meter framom Bretun, som er kurslokalet til Jostedalen Breførarlag. Ved garden Snøtun kan ein, ved å kontakte grunneigar, få tilvist parkering. Frå bilvegen går ein fyrst på traktorveg ned mot Krundøla og kryssar elva på god bru. Deretter er det eit kort stykke over innmark før stien tek til ved skogkanten. Stien går i halvbratte slyng gjennom tett skog på vestsida av Røykjadøla heilt til skoggrensa, og deretter i ope lende fram til stølshusa på Røykjadalen, vel 800 meter over havet. Stien er godt merka og lett å finne heile vegen. Frå Røykjadalsstølen kan ein gå vidare innover dalen og opp til Røykjadalsbandet, eller alternativt nordvestover frå stølen, og seinare sørvestover langs fjellryggen fram til Tverranibba, 1576 meter over havet. Begge desse turane vidare frå sjølve stølen går utanom merka sti, og krev såleis kjennskap til kart og kompass.

Gangtid frå Snøtun til Røykjadalen er 1-2 timar, medan høgdeskilnaden er litt under 500 meter.

Gjerde-Haugafjellstølen

Høveleg parkering på Gjerde, anten ved Jostedal Hotell, eller ved vegkryss mot Krundalen. 300 meter til fots langs bilvegen mot Krundalen fram til skilt merka Haugafjellstølen, på høgre side av vegen. Deretter på svært godt merka sti oppover til Vårstølen, der utsynet sørover Jostedalen, med fjella Myrhorn og Vangsen, opnar seg. Frå Vårstølen, i vel 300 meters høgde, går stien i svært bratte og tildels luftige slyng opp i omlag 750 meters høgde, der terrenget flatar ut fram mot fjellryggen like sør for Haugafjellstølen. Rett før stølen ein liten unnabakke og til venstre rundt eit lite vatn der stølshusa ligg på nordsida. I vest Haugavarden, 1369 meter over havet, i nord Nigardsdalen fram mot Nigardsbreen. Til Haugavarden er det ein halvgod sti eit stykke på veg, medan siste delen går i urd og på sva. Ein alternativ veg til Haugafjellstølen har Nigardsbreen Pensjonat som utgangspunkt, men ruta frå Gjerde er betre og sikrare.

Gangtid frå Gjerde til Haugafjellstølen er 1-2 timar, og høgdeskilnaden er 550 meter.

Styggevatnet-Handspiki

Utgangspunktet er Styggevassdammen, omlag 25 kilometer frå Gjerde i Jostedalen. Anleggsvegen opp til dammen vert ikkje brøytt, men er normalt open i slutten av juli. Parkering ved foten av dammen. Ruta går forbi Statkraft si driftshytte ved austre damfeste. Ein passerer den gamle Styggevasshytta som no er gjenreist på ny tomt. Deretter går stien meir austover og opp i det skaret som har namnet Handspiki. Dette er vasskiljet mellom aust og vest, og markerer og grenseområdet mellom alpint vestlandsterreng og meir avrunda austlandsformer. Utsynet er fint vestover mot Jostedalsbreen med Lodalskåpa, 2083 meter over havet. Frå Handspiki kan ein gå vidare nedover Syrtbyttdalen til Mysubyttseter og vidare til Sota Sæter. Stien frå Styggevatnet over Handspiki til vegkryss Sprongdalshytta-Sota blir ikkje lenger merka, men er likevel godt synleg.

Høgdeskilnaden mellom Styggevatnet og Handspiki er omlag 200 meter, og turen opp tek rundt 1 time.

Viva-Sprongdalshytta

Ein annan fin og lett tur i dette området lengst framme i Jostedalen er turen opp til DNT si turisthytte i Sprongdalen. Denne hytta vart kosta av NVE-Statskraftverka i samband med at Styggevasshytta måtte rivast grunna dambygging. Utgangspunktet for turen ligg eit stykke nedanfor Styggevatnet, like ovanfor der bilvegen kryssar elva. Her er det utplanert ein svært romsleg parkeringsplass på nedsida av vegen. Til å byrje med er stien veldig bratt, men etterkvart flatar dalen ut. Merkinga er svært god (ny i 1995), og stien er godt synleg heile vegen. Eit stykke framme i dalen passerer ein eit bekkeinntak for Jostedal kraftverk, før Sprongdalshytta dukkar opp. Sprongdalshytta inngår som ei av DNT sine turisthytter i Breheimen, og det går merka sti mot Arentzbu i sør og mot Sota Sæter i aust.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen ved Viva og Sprongdalshytta er rundt 400 meter, og turen opp tek 1-2 timar.

Vanndalen-Myrhorn

Av og til er det slik at utsynet er ein vesentleg motivasjonsfaktor for fjellturar. Det gjeld særleg for toppturar slik som denne turen til Myrhorn, 1448 meter over havet. Utgangspunktet for turen er Vanndalsvatnet, 1000 meter over havet. Dit kjem du etter å ha køyrt den 10 kilometer lange bomvegen som tek av fylkesvegen omlag 200 meter nord for Jostedal skule. Ruta frå Vanndalsvatnet er ikkje merka, men det går ein godt synleg sti nordover frå vatnet inn mot skaret kalla Mannen, rett aust for den lange fjellryggen som endar på toppen. Frå skaret er det berre å følgje fjellryggen vestover. Det beste er å halde seg mest på sørsida av ryggen, og i alle høve unngå snøskavlane på nordsida, ned mot Store-Geisdalen. Etter ei stund flatar fjellryggen ut og ein er framme ved toppvarden, 1448 meter over havet. Utsynet er fint mot Jostedalsbreen på motsett side av Jostedalen, der bratte brefall dominerer. Mellom anna ser ein Kjenndalskruna rett over Loen i Stryn, den lange Nigardsbreen med sine karakteristiske slyng og Nigardsvatnet. Returen frå toppen går etter same vegen som opp, det er ingen alternative ruter ned frå Myrhorn.

Høgdeskilnaden mellom Vanndalsvatnet og toppen av Myrhorn er omlag 450 meter, og gangtida til toppen er normalt under 2 timar.

Vanndalen-Vangsen

Dette er den finaste utsynstoppen i Jostedalen, og kanskje i heile Luster. Utgangspunktet er det same som for turen til Myrhorn, det vil seie ved heimste enden av Vanndalsvatnet, i 1000 meters høgde. Den vanlegaste ruta går innover mot Mannen, skaret nord for Vanndalsvatnet og opp den slake fjellryggen i austleg retning. Vidare innover mot høgde 1612, der ein bryt av sørvestover ned mot breen. I staden for å krysse bretunga skal ein her gå vest for liten brekulp og deretter halvbratt opp på motsett side. Etterkvart kjem Vangsen på nytt til syne og då er det strake vegen mot toppen. Fyrst over småkupert terreng, deretter via ein lang, slak snørygg opp til toppvarden. Ei anna, og mykje meir utfordrande rute, går direkte opp frå heimste enden av Vanndalsvatnet. Her er det veldig bratt og som regel harde snøfenner gjennom heile sommaren. Denne ruta kan kun tilrådast nytta for dei som har litt erfaring. Uansett rute er Vangsen ein høgfjellstopp der det ikkje finst merka sti, så kunnskapar om kart og kompass er ein føresetnad. Det er uråd å seie noko veldig kort om utsynet frå toppen, men ein ser mange av tindane i Jotunheimen og heile den nordlege delen av Jostedalsbreen. Samstundes ser ein og bilvegen i dalbotn like framom Sperle.

Høgdeskilnaden mellom Vanndalsvatnet og Vangsen er omlag 750 meter. Gangtida må ein uansett ruteval rekne til 2-3 timar.

Bakkedalen

I ein turguide for Luster er det naturleg å nemne stølane og stølsvegane. Sjølv om stølsdrifta er historie blir likevel ei lang rekke stølsvegar haldne godt vedlike og med jamne mellomrom rydda for skog. Dette er og tilfelle når det gjeld Bakkedalen, på vestsida av Jostedalen. Utgangspunktet for denne fine stølsturen er det gamle heradshuset i tidlegare Jostedal herad, som i dag er privat bustad. Eit lite stykke etter bilvegen, deretter til høgre og oppover langs gamal gardsveg. Like før den solrike garden Bakken svingar vegen skarpt til venstre og då er ein straks inne på stien mot Bakkedalen. Herifrå er stien svært god og tydeleg merka heilt fram til stølen, i 800 meters høgde. Frå Bakkedalen kan ein gå vidare på bra sti inn mot Bakkedalsvatnet. Fyrst i nordaustleg retning, deretter mot nordvest. For dei med litt erfaring er den 1330 meter høge Dugurdskulen ei fin utfordring. Ein må i hovudsak følgje den sørvestlege ryggen etter å ha kryssa elva frå Bakkedalsvatnet på steinklopp.

Startpunktet ligg på litt under 200 meter og Bakkedalen på rundt 800, det vil seie ein høgdeskilnad på 600 meter. Gangtida opp er rundt 2 timar.

Vassdalen

Ta av riksvegen framover Jostedalen like etter tunnelen i Gardsjølet, litt forbi Fossøy/Sperle. Ved fyrste vegkryss skal du ta til venstre til Gardshaug. Kontakt grunneigar for bilparkering. Stien oppover er svært godt vedlikehalden og godt merka. Etter kryssing Liadøla på god bru ein liten bratt kneik opp til Sperlestølen. Frå Sperlestølen er stien noko flatare inn mot Vassdalsvatnet, der ein rundar vatnet på søraustsida, før ein er framme på sjølve stølen. Innover Vassdalen er det ein tidvis godt synleg sti, men sjølve dalføret endar i ein botn utan særlege sjansar for vidare avansement. For den som vil og kan gå lengre enn til stølen, kan Liastølsbreakulen vere eit brukbart alternativ, men det krev til gjengjeld høgfjellserfaring. Vassdalsvatnet med stølsvollen er elles ein idyll, der ein kan både fiske og bade, så dette er så avgjort ein stad for heile familien. Nedatt frå Vassdalen kan ein enten gå same vegen som opp, eller eventuelt ei sørlegare rute over skaret sør for Bjørnanosi, med avslutning ved Knippenes/ Myklemyr. Vi har i denne guiden valt å ta med berre den eine ruta.

Høgdeskilnad frå parkeringsplassen ved Gardshaugen og Vassdalen er omlag 500 meter, og ein reknar ei gangtid på mellom 1 og 2 timar.

Leirdalen-Hest

Luster kommune har ei rekke særmerkte fjelltoppar, som kvar for seg "fortener" omtale i turguiden. Vi har likevel gjort eit utval etter ei streng prioritering. Ein av toppane vi ikkje kunne utelate er Hest (eller Hesten som det står på dei fleste karta). Denne toppen utgjer ein del av det kjende Gaupne-panoramaet, i lag med brekuppelen Såta. Utgangspunktet for turen er like ved Tunsbergdalsdammen i Leirdalen, omlag 470 meter over havet. Etter å ha køyrt Leirdalsvegen frå Leirmo, tek ein av til venstre like før busetnaden i Leirdalen, og køyrer bomvegen fram til dammen. Stien tek til ved lukehuset like ovanfor vegen, der ein og kan parkere bilen. Etter ei stund på rimeleg god sti når ein ei lita hytte (Skardet). Frå Skardet må ein sikte seg inn mot det lågaste punktet på fjellryggen mellom Leirdalen/Tunsbergdalen og Veitastrondsvatnet, kalla Nonsskard. Frå Nonsskard er det berre å fålgje fjellryggen i nordvestleg retning heilt til foten av Hest. Her reiser fjellet seg bratt mot toppen. Vegen opp til toppvarden er forholdsvis luftig, men skulle normalt ikkje by på særlege problem for dei med litt erfaring i høgfjellet. Ei anna rute til topps er austryggen, men den er brattare og meir utsett.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen ved Tunsbergdalsdammen og toppvarden på Hest er over 1100 meter, og gangtida er rundt 4 timar.

Fodnastølen (Rønneidsstølen)

I samband med utbygginga av Leirdøla sist på 1970-talet, vart det bygt veg opp til to bekkeinntak ovanfor Rønneid, like under Asbjørnsnosi. Her har vi plukka ut ein særs fin familietur til Fodnastølen (også kalla Rønneidsstølen). Ta av riksvegen mot Jostedalen nokre hundre meter framom gamlebrua på Rønneid, og deretter til høgre opp bomvegen. Vegen går i tidvis bratte slyng og passerer avkøyring mot Folabrekka til venstre og Nystølen til høgre. Etter kvart kan du parkere ved bekkeinntaket i Fonndøla. Stien er veldig godt rydda og lett å finne heile vegen, så det trengs ingen detaljert ruteforklaring. Det fyrste stykket halvbratt oppover, deretter slakare terreng i det stien svingar vestover inn mot stølen. I nordvest den ruvande Asbjørnsnosi, 1613 meter over havet, som kan vere eit mål for dei sprekaste. Den lettaste ruta går vidare innover frå stølen og opp til Botnareset, der ein bryt av rett nordover og held fram langs ein brei fjellrygg mot toppen. I kombinasjon med Fodnastølen kan ein og nå fjellområda sør for Botnareset, mellom anna Krokberg, 1356 meter over havet.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen ved bekkeinntaket i Fonndøla og Fodnastølen er omlag 250 meter, og gangtida rundt 1 time.

Engjadalen-Heggdalsvatnet

Utgangspunktet er parkeringsplassen i Engjadalen, eit lite stykke forbi Åberge. Det fyrste stykket går langs traktorveg på vestsida av elva fram dalen. Etter ei kort vandring langs traktorvegen kjem ein over på merka sti fram mot DNT si turisthytte på Navarsete. Stien held fram vidare innover på vestsida av elva og kryssar denne like før Heggdalen, ein triveleg støl fremst i den frodige og grøne Engjadalen. Frå Heggdalen er det ein nokså bratt kneik opp til Heggdalsvatnet, der stien tidvis går heilt ute på kanten mot elvegjølet. Det er på sin plass å åtvare mot dette partiet, særleg om det regnar eller om det er glatt grunna frost. Ein kan med fordel forlate stien og finne ei rute nokre meter frå stupkanten. Siste stykket går stien innunder nokre høge hamrar før ein er oppe ved osen på Heggdalsvatnet. Innover og forbi vatnet ser ein fjellområdet Stongfjellet og Fivlenosi, og overgangen til Vigdalen. Dersom ein vil gå ein annan veg attende til bilen er det fullt mogeleg. Vi tilrår vegen om Seljesete. Ein kryssar elva like under tredammen ved vassosen, og går vestover rett nord for Vorfjellet. Etter ei kort stund hallar terrenget nedover, ein omgår eit par-tre blautmyrar og ser snart stølshusa på Seljesete. Frå stølen er det traktorveg sørover til Brunene, og vidare innover og nedover mot parkeringsplassen i Engjadalen.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen og Heggdalsvatnet er vel 500 meter, og normal gangtid er 1-2 timar opp. Returen om Seljesete tek også 1-2 timar.

Fivla-Fivlenosi

Utgangspunktet er parkeringsplassen på vårstølen i Vigdalen. Legg merke til at det siste stykket av bilvegen er bomveg. Stien startar ved ein stor stein 50 meter heimanfor parkeringsplassen, og kryssar Vigdøla på god bru. Over elva går det i nordaustleg retning opp mot bandet mellom Vigdalen og Dalsdalen. Det var her biskop Johan Nordahl Brun kom opp frå Dalsdalen då han tidleg på 1800-talet var på visitasreise til Jostedalen. Årstal og initialar er hogne inn i berget like under Storhaug. Stien går no vidare sørover opp ei bjørkekledd li og når høgda like over tregrensa. Ein ser då Fivleselet inne under foten av Fivlenosi - eit steinsel som Luster Turlag har restaurert og sett i stand. Nøkkel til Fivleselet kan ein skaffe seg ved å kontakte Luster Turlag. Frå Fivla går det godt merka sti over fjellet til Engjadalen og Navarsete, og vidare via Flatningane til Høyheimsvik. Om ein ikkje har vidare planar er Fivla ein fin plass å opphalde seg. For den som søkjer toppane er Fivlenosi eit naturleg val. Det er ingen sti oppover, så ein lyt sjølv pønske ut den beste ruta.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen i Vigdalen og Fivleselet er omlag 350 meter, og normal gangtid er rundt 1 time.

Mørkrid-Osen

Ta av riksveg 55 ved brua på Skjolden og køyr framover på austsida av elva, innover den flate og frodige Mørkridsdalen. Ved Moen over på vestsida og omlag 200 meter fram til nytt vegkryss. Opp til venstre og 300 meter fram til parkeringsplass, like ovanfor vegen. Stien opp til Osen høyrer til DNT-rutenettet i Luster og er svært godt rydda og godt merka. Det fyrste stykket går i halvbratte slyng opp forbi ein markert foss like ved stien, der det som oftast og er svært blautt. Vel forbi govet frå fossen tek den verkeleg harde stigninga til. No går vegen i siksak og temmeleg hard stigning til opp under Fastberget, der dei siste høgdemetrane er ekstra bratte og utsette med tildels laus stein i vegen. Fin utsikt utover Mørkridsdalen. Brått er det omtrent slutt på stigninga og stien går nokolunde flatt inn til stølen Osen, det vil og seie heimste enden på Åsetevatnet. Om du ser deg attende vil du no sjå tinderekkja i Hurrungane. Osen er ein av dei absolutt finaste stølane i Luster, sjølv om det altså krev noko innsats å komme dit. Frå Osen kan ein gå vidare innover til Åsete og Fast, eller over til Austra og Arentzbu. Ein aktuell rundtur kan vere å legge returen om Austra og Mørkridsdalen.

Høgdeskilnaden mellom parkeringsplassen i Mørkrid og Osen er omlag 750 meter, og du lyt rekne med omlag 2 timar opp.

Mørkrid-Mørkridsdalen

Utgangspunktet for denne turen er den nedlagde stølen Hyrnavollen i Mørkridsdalen. Etter å ha køyrt over brua ved Moen er det berre å følgje bilvegen, som på nytt kryssar elva, og til siste endar opp på ein romsleg parkeringsplass. Stien framover Mørkridsdalen høyrer til DNT-rutenettet i Luster, og er såleis svært godt rydda og merka. Den går langs elva og svingar sidan opp i det spesielle Tjørnaholet, på høgre sida av den fyrste tjønni, deretter over på venstre sida. Etter ein liten brattkneik går stien gjennom noko som mest av alt minner om eit parklandskap, før stølshusa på Dulsete kjem til syne. Vidare er det omtrent flatt forbi stølen Liane og langs elva like fram til Dalen, ei stor elveslette mellom dei høge fjella, der stølen ligg i den fremste enden av sletta. For mange vil turen ha sin ende her, men dei sprekaste kan og prøve seg vidare, og då blir det i så fall ein svært hard stigning opp til Austra, etter at stien kryssar elva på god bru like framom Dalen. Frå Austra er det godt merka veg vidare til Fjellsli og Arenzbu, og likeeins over fjellet til Åsete ved Åsetevatnet.

Høgdeskilnad mellom parkeringsplassen ved Hyrnavollen og Dalen er omlag 400 meter. Opp til Austra er det nye 500 høgdemeter, i alt omlag 1000 meter stigning. Vanleg gangtid til Dalen er rundt 2 timar, til Austra mellom 3 og 4 timar.

Heltne-Bolstadnosi (Hjerseggnosi)

Bilvegen fram Mørkridsdalen i omlag 1,5 kilometer for parkering ved liten garasje. Deretter på traktorveg til fremste garden, Rebni. Vidare er det god sti opp til Rebnisli, som er vårstøl for gardane Rebni og Skori. Her er det fin utsikt over Mørkridsdalen med fjella rundt. Vidare på bra sti til stølane Skori og Myrasete. Frå Myrasete skal ein bryte av sørover langs fjellryggen som endar opp på Bolstadnosi, i 923 meters høgde. Her er det nokså luftig og ein bør vere varsam, særleg om det regnar og av den grunn kan vere glatt. Utsynet er berre fantastisk: Heile Lustrafjorden i sørvestleg retning ut til Nes og med Molden i bakgrunnen, heile tindeverda i Hurrungane, og til sist Spørteggbreen i nordleg retning over Mørkridsdalen.

Høgdeskilnad mellom vegen og toppen er rundt 900 meter, og normalt bør ein rekne med å bruke litt over 3 timar opp.