|
Dette er turane
Her
kjem dei 15 siste turane.
Dei fyrste 16 finn du i "turar
1".
Klikk på fyrste bokstaven.
Vetledalen-Vetledalsnosi
Turtagrø-fremste
Skardstølsvatnet
Turtagrø-Fannaråken
Turtagrø-Dyrhaugsryggen
Kinsedalen-Dalastølen
Bergheim-Feigedalen
Krossen-Molden
Rupheim-Skoganipa
Soget-Simosete-Turrli
Tungestølen-Austerdalsbree
Berge-Børesteinen
Røssesete-Hellesetvatnet-Jagershaug
Dalsdalen-Lø/Hornane
Yttri-Lønningane
Middalen-Illvassnosi
Vetledalen-Vetledalsnosi
Utgangspunktet
for denne turen er anleggsvegen innover
Vetledalen, eit stykke forbi Nørdstedalseter.
Ein parkerer bilen rett sør for
toppen og går i retning Tjørningsvatni,
som på nyate kart også blir
kalla Kyrningsvatni. Det er ingen sti
oppover, så ein lyt sjølv
passe på retninga. Vel oppe ved
osen på det fyrste vatnet skal ein
bryte av vestover og sikte direkte mot
toppen. Ein slik tur utanfor opptrødde
stiar gjev noko meir, ein får kjensla
av å gå meir på eiga
hand. Utsynet er fint ned mot Nørdstedalseter
og rundt mot dei ulike fjella i Breheimen.
Høgdeskilnaden
mellom anleggsvegen i Vetledalen
og toppen er omlag 600 meter, og
du lyt rekne med rundt 2 timar til
toppen.
Turtagrø-fremste
Skardstølsvatnet
Utgangspunktet
er Turtagrø, der ein parkerer bilen
vis a vis Turtagrø Hotell. Stien
kryssar elvi frå Helgedalen på
god bru og går vidare gjennom vierkratt
fram til den fyrste kneiken opp mot Skagadalen.
Til venstre innover Helgedalen ser ein
no både Fannaråken og Steindalsnosi.
Etter den fyrste harde stigninga går
stien langs elva innover, og passerer
eit såkalla bekkeinntak, eit lite
damarrangement der vatnet blir ført
inn i tilløpssystemet til Fortun
kraftverk. Etter ei stund kjem den andre
harde stigninga, som endar opp ved fremste
Skardsstølsvatnet og Norsk Tindeklubb
si lagshytte, som dessverre ikkje er open
for ålmenta. Om du ikkje før
har innsett at Luster er ein kommune med
fine fjell, så vil kanskje tanken
streife deg her ved fremste Skardsstølsvatnet.
Like framme i dalen reiser Store Skagastølsstind
seg 2405 meter over havet, og rundt den
ei rekke flotte klatretindar. For den
som vil opp på tindane utan dermed
å måtte klatre, kan Nordlege
Skagastølstind vere eit aktuelt
mål. Stien held fram eit lite stykke
aust for Tindeklubb-hytta, opp i skaret
mellom Nordlege og Kolnosi. Derifrå
er det strake vegen til topps. Heile vegen
oppover er det steinurd, og på sjølve
toppen er det nokså luftig og utsett.
Høgdeskilnaden
mellom Turtagrø og fremste
Skardsstølsvatnet er omlag
500 meter, og ein reknar 2-3 timar
som normal gangtid.
Turtagrø-Fannaråken
Ta av riksveg 55
eit lite stykke ovanfor Turtagrø
Hotell, og parker bilen ved stølen
i Helgedalen, der det og er oppsett bom.
Bomvegen er berre til privat bruk. Vegen
til Fannaråken går til å
byrje med etter denne private bomvegen,
heilt til ein er fremst i Helgedalen.
Her går ein over på vanleg
sti, som er svært godt merka og
såleis lett å finne. Ein kjem
nokså fort opp til Ekrehytta, der
ein og har to alternative ruter vidare.
Den eine ruta går til venstre i
bratte slyng opp mot skaret mellom Steindalsnosi
og Fannaråken, medan den andre held
fram i same retning til Keisaren, og vidare
til toppen derifrå. Den fyrste av
desse to rutene, den såkalla sommarvegen,
er veldig bratt heile vegen frå
Ekrehytta, og må seiast å
vere ei nokså hard rute. Den andre
ruta held fram forbi Skautevatnet og fram
til Keisarpasset, der stien til Skogadalsbøen
tek av nedover Gjertvassdalen. Frå
Keisaren er det no ny stigning heilt til
terrenget flatar ut på toppen av
Fannaråken.
Høgdeskilnaden
mellom stølen i Helgedalen
og Fannaråken er omlag 1200
meter, og normalt kan ein rekne
med rundt 4 timar opp sommarvegen
og rundt 5 timar om Keisaren.
Turtagrø-Dyrhaugsryggen
Området rundt
Turtagrø innbyr til toppturar.
Ein av dei greiaste toppane er nettopp
Dyrhaugsryggen, som endar opp på
Store Dyrhaugstind, 2149 meter over havet.
Ein køyrer fjellvegen mot Årdal
til rett over stølen Ringane, og
finn ein lagleg stad å parkere bilen.
Då er ein i realiteten ved foten
av Dyrhaugsryggen. No er det berre å
ta stigninga fatt omlag rett sørover.
Etterkvart blir det eit imponerande utsyn
både mot Skagastølstindane
i austleg retning og mot Soleitndane og
Austabotntindane i sørleg retning.
Dyrhaugsryggen er brei og sikker heilt
fram til stupet ned mot Skagadalen. Vi
tilrår ikkje å gå lengre
enn hit, fordi ryggen blir veldig smal
og utsett fram mot Store Dyrhaugstind.
No kan ein sjå omtrent alle toppane
i Hurrungane, og då skjønar
ein også fort at her trengs heilt
spesiell fjellkompetanse for å kunne
ferdast trygt. Alternative ruter opp kan
vere å køyre inn til Ringsdalen,
og parkere bilen i enden av anleggsvegen
der, eller eventuelt å gå
innover Skagastølsdalen og komme
seg opp på Dyrhaugsryggen frå
den kanten.
Høgdeskilnaden
mellom fjellvegen rett over Ringane
og enden på Dyrhaugsryggen
er omlag 1300 meter, og ein lyt
rekne med omlag 4-5 timar opp.
Kinsedalen-Dalastølen
Sørsida
av Lustrafjorden er eit fint fjellområde,
sjølv om det er nokså bratt
dei fleste stadane. Denne stølsturen
tek til inst i Kinsedalen, etter at du
har køyrt utetter sørsidevegen,
forbi Urnes og vidare utetter nyevegen
til Kinsedalen. Du svingar opp bygdevegen
til Kinsedalen på vestsida av Kinsedalselva,
og arkerer i enden av vegen. Her er det
lurt å kontakte grunneigar for å
få tilvist høveleg parkeringsplass.
Stien framover er god å gå
på og rimeleg lett å finne.
Fyrst på vestsida av elva, seinare
over på austsida. Til sist ein nokså
hard stigning opp til Dalastølen.
Rett over Kinsedalen ein annan fin støl,
Kveken. I nordaust ligg Ingebjørgsfjellet,
1452 meter over havet, noko som kan vere
eit høveleg mål for den som
er ute etter fjelltoppar.
Høgdeskilnaden
mellom bilvegen i Kinsedalen og
Dalastølen er omlag 400 meter,
og normal gangtid er rundt 1-2 timar.
Bergheim-Feigedalen
Utgangspunktet
for denne turen er bilvegen utover
sørsida litt utanfor Tallsete.
Her er det råd å parkere
bilen omtrent der vegen oppover
mot Bergheim tek til. Etter omlag
300 meter stigning på god
sti er ein oppe på den no
nedlagde høgdegarden, med
fint utsyn over Lustrafjorden og
Lustrabygdi på motsett side.
Vidare går stien innover i
retning Feigedalen og opp gode 200
høgdemeter til, før
ein er på Bergheimsstølen.
Stien er ikkje særskilt merka,
så ein bør vere påpasseleg
før ein legg i veg frå
Bergheim. Vidare passerer ein Øystølen,
Hanafossen og Drivandefossen, før
stølen Feigedalen, knappe
1000 meter over havet. I denne turguiden
har vi ikkje nemnt vegen opp sør
for Feigefossen, fordi den ikkje
er fullgod like opp. I staden vil
vi tilrå folk å køyre
til parkeringsplassen ved garden
Feigum like under Feigefossen, og
derifrå følgje den
merka stien opp under det særs
flotte fossefallet.
Høgdeskilnaden
er som allereie nemnt nesten 1000
meter frå utgangspunktet til
Feigedalen, og ein kan rekne med
vel 4 timar på vegen opp.
Krossen-Molden
Det finaste
utsiktspunktet i heile Luster, blir
det ofte sagt om Molden, og det
er kanskje også tilfelle.
Starten er ved vegen til Mollandsmarki,
akkurat idet vegen flatar ut etter
stigninga opp frå vegkrysset
der ein forlet riksveg 55. Like
etter ferista tek ein til venstre
på skogsvegen og går
etter den i omlag 300 meter. Deretter
til høgre på god sti,
merka med raud prikk. Etter omlag
1 kilometer inn på ny skogsveg
og etter denne i omlag 600 meter,
før ein er inne på
stien for godt akkurat der skogsvegen
svingar skarpt til høgre.
No går det raskt oppover,
og etter ein liten kneik når
ein Svarthiller der utsikta er fin
utover fjorden og over mot Ornes
på den andre sida. Frå
Svarthiller svingar stien 90 grader
og går i bratte slyng forbi
bratte hamrar. Deretter flatar terrenget
ut og det er rimeleg lett fram til
toppvarden på Molden, 1116
meter over havet. Den finaste utsikta
er nok på austsida, ut mot
indre deler av Lustrafjorden, med
Nes og Høyheimsvik nærast.
Høgdeskilnaden
mellom parkeringplassen ved Krossen
og toppvarden er omlag 600 meter,
og ein reknar 2 timar som normal
gangtid opp.
Rupheim-Skogo-Skoganipa
Fjellområdet
nord for Hafslovatnet har mange
fine turar å by på,
både om sommaren og ikkje
minst om vinteren. Vi har valt å
nemne ein av dei finaste, nemleg
turen til Skoganipa, 1255 meter
over havet. Utgangspunktet er bomvegen
ved Rupheim, der ein kan parkere
langs vegen. Hugs at her går
det mjølkebilar forbi, så
ein må setje bilen godt frå
seg og såleis ikkje hindre
trafikken i å passere. Vidare
går det privat traktorveg
fram til stølane Fossen og
Skogo. Frå Skogo kan ein så
passere Skoganipa på sørsida
og seinare svinge nordvestover fram
til sjølve toppen. Alternativt
kan ein halde fram vest for toppen
til stølen Hongi og komme
opp på Skoganipa frå
nordsida. Dette er ein stølstur
i som høver for heile familien.
Vegen er svært god og stigninga
er moderat. Attende frå Skoganipa
kan ein gå same vegen som
opp, eller eventuelt gå utover
Grøndalseggi, 984 meter over
havet, og komme nedatt på
vegen ved Bersetno.
Høgdeskilnaden
mellom bomvegen ved Rupheim og stølen
Skogo er omlag 300 meter, opp til
Skoganipa er det ytterlegare 300
meter stigning. Ein reknar det som
vanleg å bruke 2-3 timar til
Skogo, pluss ein time til Hongi
og endå ein ny time til toppen
av Skoganipa, totalt altså
4-5 timar frå Rupheim til
Skoganipa.
Soget-Simosete-Turrli
Ta av riksveg
55 ved vegkryss mot Hafslo sentrum
og køyr vegen mot Veitastrondi
til Soget, det vil seie enden av
Hafslovatnet. Over brua og til venstre
fram til romsleg parkeringsplass.
Stien oppover er veldig godt rydda
og merka så det skulle ikkje
vere problem å finne fram.
Ruta svingar etterkvart sørvestover
mot stølen Simosete. Her
er det fin utsikt ned mot Hafslovatnet
og framover i nordleg retning mot
Veitastrondsvatnet. Frå Simosete
går stien vidare forbi stølen
Lyst, via ein ny stigning før
ein er på Turrli. Her er det
fint å opphalde seg nokre
timar før ein tek same vegen
attende til bilen. Skal ein gå
lengre er det fleire fine toppar
i området. Nemnast bør
Tylderingen, 1104 meter over havet,
i nabokommunen Sogndal, der ein
ser framover heile Dalavatnet i
Sogndalsdalen. Også Simosetnipa
er ein fin topp med sine 946 meter
over havet, rett nord for Turrli.
Begge desse toppane ligg utanom
merka sti, så ein lyt sjølv
finn den beste vegen til topps.
Høgdeskilnaden
mellom parkeringsplassen ved Hafslovatnet
og Simosete er omlag 300 meter,
og ein reknar 1 time opp i vanleg
tempo. Frå Simosete til Turrli
er det nye 200 høgdemeter
og omlag 1 times marsj.
Tungestølen-Austerdalsbreen
"The finest
ice-scenery in Europe", sa den
engelske fjellmannen William Cecil
Slingsby om dei tre ville brefalla
Loke-, Odin- og Torsbreen, som alle
tre kastar seg ned frå Jostedalsbreen
fremst på Austerdalsbreen.
Ein liten smakebit av det ville
brelandskapet kan ein få utan
å nødvendigvis gå
på sjølve breen. Utgangspunktet
for turen er Tungestølen,
turisthytta fremst på Veitastrondi.
Stien går framover like over
brua og er godt merka og såleis
lett å finne. Den går
på vestsida av Austerdalselva
heilt fram til breen. Det er omtrent
flatt heile vegen, med nokre kneikar
av og til. Som alltid når
det gjeld brear må ein vere
veldig varsam og ikkje gå
for nær isen. Isras og kalving
kan inntreffe utan forvarsel, så
hald god avstand. naturen er karrig
ved brefoten. Det mest dominerande
landskapselementet er moreneryggar,
grus og stein, og enkelte stadar
litt grønt gras. Frå
fjellhistoria kan vi lese at nettopp
denne breen vart oppdaga på
eksakt same dagen, og det av to
av dei store pionerane på
Jostedalsbreen, Kristian Bing og
William Slingsby. Det var Kristian
Bing som bygde den varden på
fjellryggen mellom Lokebreen og
Torsbreen som seinare fekk namnet
Kvitesteinsvarden, etter at han
plasserte ein kvit kvartsstein på
toppen av varden.
Høgdeskilnaden
mellom utgangspunktet ved brua over
til Tungestølen og breen
er omlag 150 meter, og normal gangtid
er omlag 2 timar.
Berge-Børesteinen
Dette er
ein særs fin utsiktstur, der
kontrastane mellom fjord og fjell
kjem tydeleg fram. Du svingar av
riksveg 55 inne i Luster, og køyrer
gardsvegen opp til Berge, ein gard
med uvanleg fin utsikt over Lustrafjorden.
Det er ein fordel å snakke
med folka på garden i samband
med bilparkering og å komme
inn på den rette vegen frå
starten. Stien går til å
byrje med i bratte slyng og er lett
å finne. Du er snart opp ved
den nedlagde stølen Ferestad,
der det kan passe godt med kvile.
Like etter Ferestad svingar stien
litt ut mot fjorden før den
igjen svingar til venstre opp mot
målet for turen, Børesteinen.
Dette partiet er forholdsvis bratt,
så her bør ein halde
godt auga med dei små. Oppe
på sjølve Børesteinen
er det storfelt utsyn utover fjorden
og tvers over Dalsdalen med fjella
Jagershaug og Fivlenosi. Om du har
lyst til å gå lengre
innover, såer det ei god trøyst
at terrenget er mykje lettare. Eit
naturleg mål kan vere Kinnfokkfjellet,
1406 meter over havet. Returen går
same vegen som opp, men med slik
utsikt som den du finn på
Børesteinen, blir den utsett
så lenge som råd er.
Høgdeskilnad
mellom garden Berge og utsiktspunktet
Børesteinen er omlag 700
meter, og ein reknar vanlegvis 2-3
timar for å vere normal gangtid.
Røssesete-Hellesetvatnet-Jagershaug
For den som
allereie har vore på Børesteinen,
er kanskje fjella på motsett
side av Dalsdalen den neste utfordringa.
Utgangspunktet for turen til Hellesetvatnet,
og vidare til Jagershaug, er den
nedlagde stølen Røssesete,
ved enden av bomvegen frå
Harastølen. Til Harastølen
kjem ein ved å ta av riksveg
55 like ved taubana i Luster. Det
fyrste stykket av stien opp frå
Røssesete er svært
bratt, men til gjengjeld så
er han svært god og lett å
finne. Etter nokre bratte slyng
svingar ein så innover og
forbi dei idylliske Osane, før
ein brått står ved osen
på Hellesetvatnet, 1115 meter
over havet. På begge sider
av vassosen er det fine fjell. I
nordaust Jagershaug med sine 1392
meter over havet og i sørvest
Grånosi, 1346 høgdemeter
over havet. Begge desse fjella er
forholdsvis lette å nå,
og for den ekstra spreke let det
seg fint gjere å bestige begge
to same dagen. Den som vel Jagershaugen
får eit fint utsyn over Mørkridsdalen
og fjella innover mot Vigdalen.
Høgdeskilnaden
mellom parkeringsplassen på
Røssesete og Hellesetvatnet
er vel 300 meter, og frå vatnet
høvesvis 250 og 300 nye meter
til dei to toppane Grånosi
og Jagershaug. Gangtid til Hellesetvatnet
er rundt 1 time.
Dalsdalen-Lø/Kringla/Hornane
Det er fleire
fine turar i området rundt
Dalsdalen. Ein av dei likaste har
utgangspunkt ved Sage kraftverk,
omlag midtvegs framme i dalen. Det
kan vere like lurt å setje
bilen her nede, og å gå
den svingete bilvegen opp til den
staden der ein tek av frå
vegen, like før bilvegen
kryssar Kolstadelvi. Vidare oppover
blir det nokså bratt etter
den smale og svingete vegen. Så
snart terrenget flatar ut går
ein over på god sti framover
på austsida av Kolstadelvi.
Dei tre stølane som er omtalte
her ligg på kvar si side av
elvi. Rett fram Hornane og til venstre
over elvi Lø og seinare Kringla.
Dette området er særs
grøderikt og frodig, og ein
bør nytte dagen godt før
kursen vert sett heimover.
Høgdeskilnad
mellom Dalsdalen og Lø/Hornane
er er rundt 500 meter, medan Kringla
ligg 100 meter høgare. Gangtid
opp til Lø er rekna til omlag
2 timar, til Kringla rundt 3.
Yttri-Lønningane
Luster kommune
er rik på stølar, sjølv
om dei aller fleste i dag er nedlagde.
Likevel blir stølsvegane
ofte haldne godt vedlike, slik tilfelle
er opp til Lønningane i Fortun.
Utgangspunktet for denne fine stølsturen
er garden Yttri på austsida
av Fortunselvi. Det er lurt å
snakke med grunneigaren for å
avtale høveleg bilparkering.
Stien oppover er god å gå
etter og ikkje særleg bratt
i starten. Etterkvart aukar stigninga
på og ein vinn fort høgdemeter.
Utsynet opnar seg mot Hurrungane
på motsett side av Fortunsdalen,
og ein ser store deler av Sognefjellsvegen
oppover mot Turtagrø. Etter
eit litt flatare parti og ein ny
stigning, dukkar stølsvollen
på Lønningane opp som
ein idyll under den imponerande
Tussen, eit fjell på 1232
meter over havet. Denne turen høver
godt for familiar, særleg
fordi stien oppover er svært
god, men også fordi Lønningane
er ein fin stad å tilbringe
nokre timar.
Høgdeskilnaden
mellom Yttri og Lønningane
er rundt 600 meter, og ein reknar
rundt 2 timar som vanleg gangtid
opp.
Middalen-Illvassnosi
Dette er
ein topptur som går utanfor
oppmerka sti, og dessutan er det
omtrent så langt nordaust
det går an å komme i
Luster kommune. Ein køyrer
fram den lange og tidvis tronge
og ville Fortunsdalen, og vil etter
ei stund komme til Nørdstedalseter,
den flotte DNT-hytta midt i Breheimen.
Vidare til venstre i vegkryss på
rimeleg god anleggsveg innover Middalen.
Bilen kan parkerast litt før
slutten på anleggsvegen. Som
før sagt er det ingen sti,
men det er svært fint å
gå her i 1200 meters høgde.
Ein kryssar tvert over Middalen
og opp stigninga eit stykke aust
for Løyfttjørni, like
sør for sjølve toppen.
Deretter nordover med utsikt framover
mot Illvatnet og Vestre Holåtind.
Etter å ha passert Illvassnosi
på høgre side, tek
ein til høgre opp i eit skar
og seinare sørover til sjølve
toppen. Her er det mektig utsyn
over Middalen og sørover
mot Fortunsdalen. Vi tilrår
same vegen attende til bilen, men
det er og mogeleg å gåvegen
gjennom Bualøyfti, like aust
for Illvassnosi.
Høgdeskilnaden
mellom anleggsvegen og toppen er rundt
500 meter, og ein bør rekne med
vel 2 timar til toppen.
|